Eg har fått spørsmål om korleis me bøyer ordet medium i tydinga «aviser, fjernsyn, radio, sosiale medium». Svaret er ganske enkelt at det er regelrett, slik alle inkjekjønnsord er i nynorsk. Altså:
eit medium, mediet, fleire medium, alle media
Ordet har med andre ord same bøying, anten det er snakk om okkulte medium eller sosiale medium. Alle inkjekjønnsord i nynorsk har regelrett bøying: eintal og fleirtal ubestemt form er like, mens fleirtal bestemt form får -a. Orda som endar på -ium, mistar rett nok um i dei bestemte formene, men endingane er dei same.
I dag snakkar me ofte om «bruken av sosiale medium» (ubestemt form fleirtal), og at «dei sosiale media (bestemt form fleirtal) er svært populære blant ungdom».
Når medium utgjer fyrste ledd i eit samansetning, blir det medie: medieverksemd, medielinje, medietek osv.