Hjartespråket

Glad i språk? Glad i nynorsk? Då kan du kanskje ha moro av å følgja med på denne bloggen. Med jamne og kanskje ujamne mellomrom kjem eg med råd om kva som er god nynorsk rettskriving, om nynorsk ordforråd og setningsbygnad. Råd om komma og bindestrek og andre teikn kan òg koma til å snika seg inn.

Etter å ha vore språkrettar, omsetjar, ordlisteredaktør og kurshaldar i nynorsk i mange år har eg gjort meg nokre tankar om kvar skoen trykkjer når folk skal skriva nynorsk. Øving gjer meister, her som i anna. Ofte er det nokre enkle tips som skal til for at du skal få kjensla av å meistra det nynorske skriftmålet.

Alf Helleviks Nynorsk ordliste kom i ny papirutgåve måndag 12. november – den første godkjende papirordlista med den nye rettskrivinga som gjeld frå 1.8.2012. Det er verdt ei markering – og det er grunnen til at bloggen startar nettopp no.

Advertisements

About audsoyland

Språkrettar, omsetjar og forfattar
Dette innlegget vart posta under Ordlista og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s