Bøying av inkjekjønnsord

Inkjekjønnsord skal alltid bøyast regelrett i nynorsk, det vil seia inga ending i ubestemt fleirtal, -a i bestemt fleirtal:

eit eple – eplet – fleire eple – alle epla

Det gjeld òg lånord:

eit forum – forumet – fleire forum – alle foruma

Med den nye rettskrivinga er det altså slutt på alle greske og latinske fleirtalsbøyingar av typen leksika – leksikaa og fora – foraa.

Inkjekjønnsord som sluttar på -eum og -ium, mistar -um i bestemt form, som før:

museum – museet – museum – musea

medium – mediet – medium – media

Advertisements

About audsoyland

Språkrettar, omsetjar og forfattar
Dette innlegget vart posta under Substantiv og merkt , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Bøying av inkjekjønnsord

  1. Pål Normann Austnes seier:

    Det herskar stor forvirring omkring ulike tydingar og bøyingar av ordet medium. Den «okkulte» meininga av ordet er faktisk enklare å forhalde seg til, reint gramatisk (medium, mediet, medium, media), enn fellesnemninga for aviser, fjernsyn, radio, sosiale medi.. (?? eintal/fleirtal). Her er forvirringa stor. Heiter det eit sosialt medium, eit sosialt medie eller eit sosialt media i eintal? Og heiter det sosiale media eller sosiale medier i fleirtal ubestemt form? Og kva med ei medieverksemd, mediaverksemd, mediumverksemd – sistnemnde variant høyrest i alle fall veldig framand ut. Vi er fleire som vil bli takknemlege for ei språkleg oppklaring.

    • audsoyland seier:

      Bøyinga av medium er den same, anten det er i den okkulte tydinga av ordet eller det er snakk om ein formidlingskanal av typen massemedium. Alle inkjekjønnsord har regelrett bøying på nynorsk: Ubestemt form eintal og fleirtal er like. Altså:
      eit medium – mediet – fleire medium – alle media

      Bindeleddet når du lagar samansetningar med medium, er -e-: medieverksemd, medietek osv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s