Passiv i nynorsk

Passiv kan lagast på to måtar i nynorsk. For det fyrste kan me laga passiv med verbet bli (eller verta) saman med perfektum partisipp av hovudverbet:

«Brevet blir sendt.»

For det andre kan me laga passiv med eit hjelpeverb (skal, kan, , bør) saman med hovudverbet + endinga –ast:

«Brevet skal sendast.»

På bokmål kan me hekta ein -s på hovudverbet og skriva «Brevet sendes», men kom ikkje med «Brevet sendast» på nynorsk. Då grip læraren eller språkvaskaren fort til raudpennen.

Eit alternativ til passiv er sjølvsagt aktiv, viss me veit kven den handlande er, og det passar inn i samanhengen:

«Du sender søknaden til departementet.»

I dette tilfellet passar det òg godt å bruka imperativ:

«Send søknaden til departementet.»

Advertisements

About audsoyland

Språkrettar, omsetjar og forfattar
Dette innlegget vart posta under Setningsbygnad og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s