Sterke verb

Verba vi kallar sterke verb, har ikkje ending anten i presens eller i preteritum. Dei har dessutan vokalskifte i ulike tider:

finna – finn – fann – har funne

koma – kjem – kom – har kome

Tidlegare kunne dei sterke verba ha ending i presens: finner, kjemer. Den forma er teken bort i den nye rettskrivinga. Det same gjeld perfektum partisipp-forma med endinga –i: funni, komi. Etter ny rettskriving skal partisipp av sterke verb altså ha endinga –e.

Svært mange kan følgja dialekten sin når dei skal bøya sterke verb, iallfall i infinitiv, presens og preteritum. Perfektum partisipp-forma kan det vera lurt å sjekka i ordlista.

About audsoyland

Språkrettar, omsetjar og forfattar
Dette innlegget vart posta under Verb og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Sterke verb

  1. linn seier:

    Hei Aud!
    Det heiter vel ikkje
    Verba vi kallar sterke verb, har ikkje ending anten i presens eller i preteritum. Dei har dessutan vokalskifte i ulike tider: ,
    men korkje .. eller?

    • audsoyland seier:

      Viss nektingsordet «ikkje» står i setninga, er det tradisjonelt rett å skrive «ikkje ending anten i presens eller i preteritum». No godtek nok Språkrådet òg at ein skriv «ikkje ending korkje i presens eller i preteritum», men det blir eigentleg ei dobbel nekting.

      • linn seier:

        Hm. Det trur eg ikkje er rett.
        Eg har lært at det heiter «anten – eller» eller «korkje – eller». «Ikkje» står vel berre for seg sjølve.
        Han hadde ikkje med seg sko.
        Han hadde korkje med seg sko eller sokkar
        Han får anten ha med sko eller sokkar. (Som i tydinga ikkje begge delar.)

      • audsoyland seier:

        Det er riktig med berre «korkje – eller» i døma dine. Men det finst setningar der det kjem eit ord mellom dei to nektingsorda, som den setninga eg hadde skrive: «Verba vi kallar sterke verb, har ikkje ending anten i presens eller i preteritum.» Det hadde vore rart å kutta ut «ikkje»: «Verba vi kallar sterke verb, har ending korkje i presens eller i preteritum.» I slike tilfelle kan ein godta både «ikkje – verken/korkje» og «ikkje – anten», iallfall på nynorsk. Språkrådet omtalar det på s. 166 i Godt språk i lærebøker: https://www.sprakradet.no/localfiles/skrift6.pdf. Då eg arbeidde i Språkrådet på 1980-talet, diskuterte eg dette med sjefen min, Kåre Skadberg, og han sa at det tradisjonelle på nynorsk hadde vore «ikkje – anten», men at det no var vanleg å godta «ikkje – verken». I enklare setningar, som dei døma du har ovanfor, bruker ein sjølvsagt «verken/korkje – eller».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s