Kva var no verb igjen?

Verb vart før i tida kalla gjerningsord. Når me bøyer verbet i ulike tider, seier me gjerne at me bøyer verbet a verbo. Grunnforma, den forma som står etter «å», er infinitiv. I nynorsk endar infinitiv anten på –a eller på –e. Deretter følgjer presens (notid), preteritum (fortid) og perfektum (ferdig notid):

å føra – fører – førte – har ført

Perfektum er samansett av hjelpeverbet har og perfektum partisipp av hovudverbet, dvs. ført. Perfektum partisipp er den adjektiviske forma av verbet, ho kan altså brukast som eit adjektiv. Den forma som står etter har, er inkjekjønnsforma av partisippet når det fungerer som eit adjektiv. Eit anna ord for inkjekjønnsforma av partisippet er supinum.

About audsoyland

Språkrettar, omsetjar og forfattar
Dette innlegget vart posta under Verb og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s