Ei ordliste til skulebruk skal vera godkjend av Språkrådet, men i dag finst det fleire ordlister på marknaden som ikkje er godkjende. Elevane har lov til å bruka alle hjelpemiddel til eksamen, og ordlister blir fantasifullt marknadsførte som «tillatt til eksamen». Dei kan vera gode ordlister likevel, men det er altså ingen som går god for at dei er korrekte, viss dei ikkje er godkjende av Språkrådet.
I dag er det fylkeskommunane som kjøper inn lærebøker til elevar i vidaregåande skule. Då kjøper dei gjerne ordbokspakkar der dei får tilgang til ordbøker både på nynorsk, bokmål og andre språk. Alle dei ulike pakkane som er på marknaden, har ikkje godkjend nynorsk ordliste. I ein pakke er verbet gå bøygd slik i preteritum: gikk el. gådde. Det er neppe til god hjelp for eleven som ønskjer å skrive rett til eksamen.