Ein vanleg feil er at folk skriv ynske/ønske, merke og stykke med j etter k, fordi desse orda har palatal uttale /-kje/ i mange dialektar. Det har ikkje vore rett å skriva *ynske før, og er det heller ikkje no etter den nye rettskrivinga.
Ivar Aasen hadde ikkje med j når g og k stod framfor trykklett –e (bortsett frå i ikkje). Derfor skreiv han hage og tanke, ynske og gjenge. Derimot hadde han med j-en i svake hokjønnsord, fordi dei enda på –a i hans rettskriving: ei bryggja, ei lekkja. Sidan han brukte a-infinitiv, vart det j etter g og k også i verb: byggja, tenkja.
I dag er det valfritt om ein vil ha med j-en i svake hokjønnsord og i verb. Men hankjønnsord og inkjekjønnsord som endar på trykklett –e, skal framleis ikkje ha j etter g eller k.