Eigedomsordet etter substantivet

På nynorsk plasserer vi helst eigedomsordet etter substantivet:

  • Takk for gåva til konfirmasjonen min.

Vi kallar det dobbelt bestemt form når vi har eit eigedomsord + eit substantiv i bestemt form. På bokmål kan vi òg bruka dobbel bestemt form, men enkel bestemt form er svært vanleg ved eigedomsord: «Takk for gaven til min konfirmasjon.»

På nynorsk har vi òg tradisjon for dobbel bestemt form når eit bestemmarord (eit determinativ) står framfor substantivet. Bestemmarord er til dømes ord som deidetdenne i døma nedanfor:

  • dei siste åra
  • Det kvite huset
  • på denne store dagen

Bestemmarordet + substantivet i bestemt form utgjer det vi kallar dobbel bestemt form. Bokmål har tradisjonelt hatt mykje enkel bestemt form også her, og namn som «Det hvite hus» og «Den røde plass» er dei vedtekne formene i bokmål. Men Klarspråk-sidene til Språkrådet oppfordrar til å bruka meir dobbel bestemt form også i bokmål.

About audsoyland

Språkrettar, omsetjar og forfattar
Dette innlegget vart posta under Setningsbygnad og merkt , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Eigedomsordet etter substantivet

  1. Sindre seier:

    Kva kallar ein det når substantivet ikkje står i bestemt form, men har ein slags bestemt form og står før eit eigedomsord, slik som «far min»? Er det greitt å skriva slik, og kan ein gjera det med alle substantiv? Kan ein til dømes skriva «bil min» eller «hus mitt»?

    • audsoyland seier:

      Det er greitt å skriva «far min», og det er jamvel det me helst tilrår på nynorsk i samband med norske slektskapsord som mor, far, syster og bror. Men det er berre ved desse orda og avleiingar (farbror min, morfar min) du kan droppa den bestemte artikkelen av substantivet når det står framfor eigedomsordet. Ved andre substantiv må du ha med den bestemte artikkelen: bilen min, boka mi. Eg har ikkje noko namn på fenomenet «far min», men vil forklara det slik at norske slektskapsord ikkje får bestemt artikkel sjølv om eigedomsordet står rett etter. Eg skriv «norske slektskapsord», for regelen gjeld ikkje ved til dømes tante og onkel.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s