Tilnærming mellom nynorsk og bokmål er ikkje lenger gjeldande norsk språkpolitikk. Riise-nemnda, rettskrivingsnemnda som laga den nye nynorsknormalen, valde å behalda berre den tradisjonelle nynorskforma av nokre «signalord» – for å markera eit tydeleg skilje mellom nynorsk og bokmål. Mykje og nokon er døme på ord som har vorte eineformer, og mogleg/mogeleg har ikkje lenger den tredje varianten, *muleg.
Endinga –lig har gått ut av rettskrivinga, og det same har altså formene mye og noen. Bøyinga av nokon er forenkla noko. I fleirtal kan du nemleg bruka nokon i alle situasjonar. Tidlegare har det heitt nokre i forteljande setningar, og nokon i spørjande og nektande setningar. Ordet blir bøygd slik i forenkla versjon:
nokon – noka – noko – nokon
Dei som vil, kan skilja mellom nokre og nokon i fleirtal, som tidlegare.