Rett før 2013

Det er romjul, og eg har hatt ein liten førjulsferie frå bloggen for å få unna alle oppdrag som skulle vera ferdige før jul, mellom anna vasken av soga om Bøndernes Hus. Det er ein av mange nynorske godbitar som kjem i 2013. Det komande året er nemleg jubileumsår for fleire nynorske institusjonar: Det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, 100 år sidan Det Norske Teatret vart skipa og altså 100 år sidan Hotell Bondeheimen opna.

Alle dei 127 hotellromma på Bondeheimen har portrett og eit dikt eller eit sitat frå ein forfattar eller personlegdom som har brukt hotellet eller vore viktig for hotellet. Dei siste seks åra har eg ofte overnatta på Bondeheimen, og kvar gong har eg gledd meg over desse kulturdryppa. Ei helg på Bondeheimen, inkludert eit besøk på Det Norske Teatret, kan vera ein god idé i det nynorske jubileumsåret vi no går inn i – også kalla Språkåret 2013.

About audsoyland

Språkrettar, omsetjar og forfattar
Dette innlegget vart posta under Nynorsk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s