I 2012 var eg i dei fleste fylke i landet og heldt kurs for lærarar om den nye rettskrivinga, på vegner av Språkrådet. Eg har hatt kurs for om lag 1400 lærarar og andre offentleg tilsette, og har møtt utruleg mange engasjerte og flotte norsklærarar som er opptekne av å gjera ein fagleg god jobb. Vonleg har eg greidd å formidla at det er kjekt med språk, og at nynorsk ikkje treng vera vanskeleg, om ein berre gir seg sjølv tid til å lesa og skriva på nynorsk. Under Språkdagen 2012 fekk vi dessutan presentert tal for det som vi nynorskfolk har visst i alle år: Du blir flinkare til å læra nye språk, dess fleire språk du lærer. Det gjeld også når du lærer deg dei to norske skriftmåla. Og ikkje nok med det: Det ser ut til at du utviklar større kognitive evner generelt, dess fleire språk du kan.
Høyr gjerne på opptaket med professor Mila Vulchanova her: http://www.regjeringen.no/nb/dep/kud/lyd_bilde/nett-tv/nett-tv-sprakdagen-2012.html?id=707443
Godt nytt år til alle dykk eg har møtt i 2012, og lykke til med nynorsken i Språkåret 2013!