I samband med den nye nynorskrettskrivinga uttala rettskrivingsnemnda seg om krav til konsekvens.
Etter ny rettskriving er det valfritt med j etter g og k i svake hokjønnsord (typen brygge/bryggje) og i verb (typen tenka/tenkja). Før gjorde skiljet mellom hovudformer og sideformer at det var naturleg å velja anten formene med j, eller dei utan. Når dei no er jamstilte, lurer mange på om dei må bruka j-en konsekvent, eller droppa han konsekvent. Rettskrivingsnemnda har presisert at ein kan bruka både liggja og ringa i same tekst, men at ein må vera konsekvent innanfor same ord og ordgruppe. Altså anten å følgja, eit følgje og følgjeleg, eller å følga, eit følge og følgeleg.
Det same gjeld ord med to variantar med ulik vokal, først og fremst ø eller y. Du kan bruka former med ø og former med y i same tekst, men må vera konsekvent innanfor eitt og same ord: å ønskja, eit ønske, ønskjeleg – eller å ynskja, eit ynske, ynskjeleg.