Parverb

Nynorsk har framleis parverb, det vil seia at det er ein tydingsskilnad mellom eit sterkt og eit svakt verb som har (nesten) same form i infinitiv. Eit godt døme er verba henga og heng(j)a:

  • Jakka heng ikkje på knaggen no. Ho hang der i går, og har hange der heilt sidan i fjor.
  • Liv heng(j)er ut klede. Først hengde ho opp sokkane, og no har ho hengt opp T-skjortene.

Det svake verbet er som oftast transitivt, det vil seia at det tek objekt («Liv hengjer ut klede»: klede er objekt). Vi ser av endingane i presens (-er) og i preteritum (-de) at verbet heng(j)a ovanfor er svakt.

Tilsvarande seier vi at det sterke verbet er intransitivt, det vil seia det tek ikkje objekt. At det er sterkt, ser vi av at det ikkje har ending i presens eller preteritum, og at det ofte endrar vokal frå presens- til preteritumsforma.

Andre vanlege parverb er brenna/brenna, rekk(j)a/rekka, strekk(j)a/strekka ofl. Treng(j)a og trenga er òg parverb, men dei har ulik tyding:

  • Eg trengde meg fram i folkehavet.
  • Han trong ei ny bukse.
Advertisements

About audsoyland

Språkrettar, omsetjar og forfattar
Dette innlegget vart posta under Verb og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s