Det er fort å blanda saman sin og hans/hennar, sine og deira. Her er nokre enkle reglar: Eigedomsordet sin viser til det grammatiske subjektet i setninga ordet står i. Døme:
- Ho kyste mannen sin (dvs. mannen til subjektet «ho»).
Eigedomsorda hans, hennar og deira viser til andre enn subjektet, til dømes ein person som er omtala i setninga framfor:
- Ho kyste mannen hennar (dvs. mannen til ei anna kvinne).
Står eigedomsordet sin i ei leddsetning, viser det altså til subjektet i leddsetninga – som – som viser tilbake på eit ord i heilsetninga, her flyktningar:
- Han hadde kurs i norsk for flyktningar, som gjerne ville læra språket sitt. (dvs. sitt eige språk)
Bruker me eigedomsorda hans, hennar, deira i ei leddsetning, viser dei til subjektet i heilsetninga (ungane), og ikkje til subjektet i leddsetninga:
- Han hadde kurs i norsk for flyktningar, som gjerne ville læra språket hans (dvs. læraren sitt språk).