No er ho her, handboka Rett og godt. Det var i 2011, då den nye rettskrivinga var vedteken, at Jan Olav Fretland og eg såg på kvarandre og sa: Me bør bruka den erfaringa me har som språkrettarar og formidlarar gjennom til saman 60 år, og laga ei lærebok som inneheld nynorsk didaktikk og ein presentasjon av kva som er nytt i rettskrivinga.
Fyrste del av boka tek for seg undervisningsmetodikk for ulike målgrupper: elevar som skal læra med utgangspunkt i eigen dialekt, elevar som har utgangspunkt i bokmål, og elevar som lærer nynorsk som framandspråk. Andre delen av boka gir ei innføring i nynorsk rettskriving og formverk. Her finn du ei fullstendig oppstilling over nynorsk formverk etter endringane 1.8.2012 og ei eiga ordliste for skulen. Her får du òg råd og vink om ordval: Kva ord er greie å bruka på nynorsk, kva alternativ finst, og kva ord og uttrykk bør ein leita etter avløysarar for?
Me vågar oss sjølv til å seia at boka er laga av to praktikarar som veit mykje om kvar skoen trykkjer når folk skal skriva nynorsk. Meir informasjon her: http://www.samlaget.no/nn-no/utdanning/hu/boeker/spraak-og-litteraturvitskap.aspx