Seier vi om ein artist at «ho slapp plata si i går», betyr det at ho slapp unna plata si. Viss vi meiner at ho kom med ny plate, heiter det: «Ho sleppte plata si i går.» Det er eit sterkt verb å sleppe og eit svakt verb å sleppe. Dei har ulik tyding:
sleppa – slepp – slapp – sloppe
- Han slepp å gjera lekser.
- Eg slapp å gå på butikken i dag.
sleppa – slepper – sleppte – sleppt
- Ho slepper ut kyrne.
- Han sleppte ei skål med syltetøy i golvet.
Det svake verbet tek objekt (her: kyrne, ei skål), det sterke gjer det ikkje. Sjå om parverb andre stader i bloggen.