I nyttårstalen til Erna Solberg var det minst to de/dem-feil på rappen i tekstinga på skjermen. Ein ting er at statsministeren sa «for de»; det kan karakteriserast som dialekt eller sosiolekt. Men den som tekstar på skjermen, bør faktisk vera så skolert at han eller ho veit når ein skal bruka de, og når ein skal bruka dem i tredje person fleirtal.
I bokmål er de subjektsform i 3. person fleirtal. Når pronomenet er objekt eller omsynsledd, heiter det dem. Også når pronomenet er del av eit preposisjonsuttrykk, dvs. har ein preposisjon framfor seg, heiter det dem. Altså for dem, til dem, om dem osv.
På nynorsk har me den same problematikken i 2. person fleirtal, med de og dykk (dersom ein då ikkje vel dokker, sjå tidlegare blogginnlegg om emnet). Kanskje må Språkrådet etter kvart tillata de som både subjekts- og objektsform i 3. person fleirtal i bokmål?