På radioen høyrde eg nyleg ei dame med god dialekt snakka om «viktigheita av» noko. Det betyr ikkje at denne typen substantivuttrykk no skal reknast som godt språk, men seier vel heller noko om kor sterkt vi blir påverka av tungt språk som vi les og høyrer stadig.
I staden for substantiv som er laga av adjektiv, kan vi oftast bruka adjektivet sjølv. For «viktigheita av» passar det ofte med ei leddsetning som begynner med kor:
- Vi veit kor viktig det er at barn knyter seg til vaksne dei to første leveåra.