I august 2015 kunne Jan Olav Fretland og eg lansere eit nytt samarbeidsprosjekt: Norske skrivereglar, med bokmålsparallellen Norske skriveregler. Heilt sidan eg arbeidde i Språkrådet på 80-talet, har eg tenkt at eg kunne ha lyst til å presentera skrivereglane på ein litt annan måte enn det Finn-Erik Vinje gjer i boka si. Då Bente Riise og Janne Nygård spurde om eg ikkje kunne laga ei slik bok, var det lett å ta utfordringa. Med Jan Olav som samarbeidspartnar vart det endå lettare.

Jan Olav Fretland og eg lanserte skrivereglane våre på Litteraturhuset – med språkkviss. Foto: Bjørn Karsrud
Likevel har det teke tid – og det har sikkert gjort boka godt. Me har arbeidd oss gjennom kommareglar og andre teiknsetjingsreglar, store og små bokstavar, mellomrom og orddelingsreglar, me har laga tilrådingar for dei som skal laga manus og gi ut eigne publikasjonar, og me kjem med råd om det å skriva nettekstar.
Når tilbakemeldinga er at folk hyggjer seg med boka som sengelektyre, har eg kanskje nådd målet mitt om å presentere skrivereglane på ein betre måte enn Vinje gjorde?