Medium av alle slag

Eg har fått spørsmål om korleis me bøyer ordet medium i tydinga «aviser, fjernsyn, radio, sosiale medium». Svaret er ganske enkelt at det er regelrett, slik alle inkjekjønnsord er i nynorsk. Altså:

eit medium, mediet, fleire medium, alle media

Ordet har med andre ord same bøying, anten det er snakk om okkulte medium eller sosiale medium. Alle inkjekjønnsord i nynorsk har regelrett bøying: eintal og fleirtal ubestemt form er like, mens fleirtal bestemt form får -a. Orda som endar på -ium, mistar rett nok um i dei bestemte formene, men endingane er dei same.

I dag snakkar me ofte om «bruken av sosiale medium» (ubestemt form fleirtal), og at «dei sosiale media (bestemt form fleirtal) er svært populære blant ungdom».

Når medium utgjer fyrste ledd i eit samansetning, blir det medie: medieverksemd, medielinje, medietek osv.

About audsoyland

Språkrettar, omsetjar og forfattar
Dette innlegget vart posta under Substantiv og merkt . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s