Author Archives: audsoyland

About audsoyland

Språkrettar, omsetjar og forfattar

Medium av alle slag

Eg har fått spørsmål om korleis me bøyer ordet medium i tydinga «aviser, fjernsyn, radio, sosiale medium». Svaret er ganske enkelt at det er regelrett, slik alle inkjekjønnsord er i nynorsk. Altså: eit medium, mediet, fleire medium, alle media Ordet … Les meir

Posta under Substantiv | Merkt | Kommenter innlegget

Norske skrivereglar

I august 2015 kunne Jan Olav Fretland og eg lansere eit nytt samarbeidsprosjekt: Norske skrivereglar, med bokmålsparallellen Norske skriveregler. Heilt sidan eg arbeidde i Språkrådet på 80-talet, har eg tenkt at eg kunne ha lyst til å presentera skrivereglane på ein … Les meir

Småprat | Posted on | Kommenter innlegget

Kor viktig

På radioen høyrde eg nyleg ei dame med god dialekt snakka om «viktigheita av» noko. Det betyr ikkje at denne typen substantivuttrykk no skal reknast som godt språk, men seier vel heller noko om kor sterkt vi blir påverka av tungt … Les meir

Posta under Setningsbygnad | Merkt | Kommenter innlegget

Gi statsministeren korrekt teksting!

I nyttårstalen til Erna Solberg var det minst to de/dem-feil på rappen i tekstinga på skjermen. Ein ting er at statsministeren sa «for de»; det kan karakteriserast som dialekt eller sosiolekt. Men den som tekstar på skjermen, bør faktisk vera … Les meir

Posta under Pronomen | Merkt | Kommenter innlegget

Ho slapp plata?

Seier vi om ein artist at «ho slapp plata si i går», betyr det at ho slapp unna plata si. Viss vi meiner at ho kom med ny plate, heiter det: «Ho sleppte plata si i går.» Det er eit … Les meir

Posta under Verb | Merkt | Kommenter innlegget

Ny handbok i nynorsk

No er ho her, handboka Rett og godt. Det var i 2011, då den nye rettskrivinga var vedteken, at Jan Olav Fretland og eg såg på kvarandre og sa: Me bør bruka den erfaringa me har som språkrettarar og formidlarar … Les meir

Posta under Nynorsk | Merkt | Kommenter innlegget

Staden der eg kjem frå

Der er det riktige adverbet når vi startar ei leddsetning som opplyser om stad: Staden der eg kjem frå, heiter Søyland. Boka der eg ofte finn svar på språklege spørsmål, heiter Godt språk i lærebøker. Det tilsvarande adverbet i bokmål … Les meir

Posta under Adverb | Merkt | Kommenter innlegget

sin, sine og hans, hennar, deira

Det er fort å blanda saman sin og hans/hennar, sine og deira. Her er nokre enkle reglar: Eigedomsordet sin viser til det grammatiske subjektet i setninga ordet står i. Døme: Ho kyste mannen sin (dvs. mannen til subjektet «ho»). Eigedomsorda hans, … Les meir

Posta under Determinativ | Merkt , , , , , | Kommenter innlegget

Parverb

Nynorsk har framleis parverb, det vil seia at det er ein tydingsskilnad mellom eit sterkt og eit svakt verb som har (nesten) same form i infinitiv. Eit godt døme er verba henga og heng(j)a: Jakka heng ikkje på knaggen no. … Les meir

Posta under Verb | Merkt , , , , | Kommenter innlegget

Konsekvens

I samband med den nye nynorskrettskrivinga uttala rettskrivingsnemnda seg om krav til konsekvens. Etter ny rettskriving er det valfritt med j etter g og k i svake hokjønnsord (typen brygge/bryggje) og i verb (typen tenka/tenkja). Før gjorde skiljet mellom hovudformer … Les meir

Posta under Konsekvens | Merkt , | Kommenter innlegget