Om meg
Aud Søyland er namnet mitt. Eg er redaktør for Nynorsk ordliste. og har 30 års erfaring som språkrettar. Foto: Cathrine Dokken
Arkiv
kategoriar
-
Siste innlegg
Omtala emne
Meta
Author Archives: audsoyland
Nyttårshelsing til norsklærarar
I 2012 var eg i dei fleste fylke i landet og heldt kurs for lærarar om den nye rettskrivinga, på vegner av Språkrådet. Eg har hatt kurs for om lag 1400 lærarar og andre offentleg tilsette, og har møtt utruleg … Les meir
Rett før 2013
Det er romjul, og eg har hatt ein liten førjulsferie frå bloggen for å få unna alle oppdrag som skulle vera ferdige før jul, mellom anna vasken av soga om Bøndernes Hus. Det er ein av mange nynorske godbitar som … Les meir
Posta under Nynorsk
Kommenter innlegget
De og dokker
Dei fleste norske dialektbrukarar skil ikkje lenger mellom subjekts- og objektsform i andre person fleirtal. Dokk, dokker, deko, dikko, dikkan, døkk osv. blir brukte både som subjekts- og som objektsform. Rettskrivingsnemnda tok konsekvensen av det og innførte ei ny pronomenform: … Les meir
Mogleg, mykje og nokon
Tilnærming mellom nynorsk og bokmål er ikkje lenger gjeldande norsk språkpolitikk. Riise-nemnda, rettskrivingsnemnda som laga den nye nynorsknormalen, valde å behalda berre den tradisjonelle nynorskforma av nokre «signalord» – for å markera eit tydeleg skilje mellom nynorsk og bokmål. Mykje og … Les meir
Eigedomsordet etter substantivet
På nynorsk plasserer vi helst eigedomsordet etter substantivet: Takk for gåva til konfirmasjonen min. Vi kallar det dobbelt bestemt form når vi har eit eigedomsord + eit substantiv i bestemt form. På bokmål kan vi òg bruka dobbel bestemt form, … Les meir
Ikkje j i substantivet ønske
Ein vanleg feil er at folk skriv ynske/ønske, merke og stykke med j etter k, fordi desse orda har palatal uttale /-kje/ i mange dialektar. Det har ikkje vore rett å skriva *ynske før, og er det heller ikkje no etter … Les meir
Posta under Rettskriving, Substantiv
Merkt hankjønnsord, inkjekjønnsord, palatal, svake hokjønnsord
Kommenter innlegget
Ikkje «har høyrd»
Når vi lagar perfektum, bruker vi hjelpeverbet har + perfektum partisipp. Den forma av perfektum partisipp som vi bruker etter har, er inkjekjønnsforma av partisippet. Vanlegvis skal perfektum partisipp av svake verb ha –t: har høyrt, har gjort, har gått, … Les meir
Bøying av st-verb
Spørsmål på Kongsbakken vgs. i dag: – Regel for bøying av st-verb i nynorsk? Ta utgangspunkt i det tilsvarande verbet utan –st. Er verbet svakt, tek du bort –r i presens og legg til –st: syna – syner – synte – … Les meir
Tre nyttige kommareglar
1 Komma når leddsetninga kjem framfor setningsresten (tidlegare kalla hovudsetninga): Når eg er ferdig på arbeid, tek vi oss ein skitur. 2 Komma mellom sideordna setningar, bundne saman med og, eller, men, for: Eg liker å gå på ski, og … Les meir
Ordlista – godkjend eller «tillaten»?
Ei ordliste til skulebruk skal vera godkjend av Språkrådet, men i dag finst det fleire ordlister på marknaden som ikkje er godkjende. Elevane har lov til å bruka alle hjelpemiddel til eksamen, og ordlister blir fantasifullt marknadsførte som «tillatt til … Les meir