Klassikaren blant nynorske ordlister

Alf Helleviks Nynorsk ordliste kom i ny papirutgåve måndag 12. november – den første godkjende ordlista med den nye rettskrivinga som gjeld frå 1.8.2012. Det er verdt ei markering. Frå no av kan du få tips om nynorsk rettskriving og bøyingsverk, om ordval og setningsbygnad og om teiknsetjing på Twitter og i denne nyoppretta bloggen kvar veke.

Alf Hellevik var sentral i arbeidet med å utforma nynorsken frå 1950-åra til langt utpå 80-talet. Ordlista hans var den einaste på marknaden i mange år, og folk flest har brukt den gule boka. Frå 2000 overtok Kåre Skadberg og eg som redaktørar. Med denne utgåva har ordlista fått to kvinnelege redaktørar: nordfjordingen Margunn Rauset, for tida redaktør i Islex, og altså rogalendingen Aud Søyland, som er frilans omsetjar og språkrettar.

Tidene endrar seg fort, og me ser at stadig fleire vil ha tilgang til ei elektronisk ordliste. Derfor skal også Helleviks ordliste seljast elektronisk. Ho blir tilgjengeleg gjennom iFinger om kort tid.

I samband med den nye rettskrivinga har Språkrådet hyra meg til å halda kurs for lærarar. Så langt i år har eg møtt over tusen lærarar og presentert den nye rettskrivinga for dei. Samtidig har eg fått innspel om kva elevane slit med når dei skal læra nynorsk, og mange gode spørsmål. Det blir emne i bloggen framover.

3 Responses to Klassikaren blant nynorske ordlister

  1. Vigdis Aarseth seier:

    Hald fram med det gode og viktige arbeidet, Aud. Gratulerer med den nye utgåva!

  2. Britt Guro Sæther seier:

    Jeg sitter med en fin, gul og ny ordliste i hendene, men vi har ikke kjøpt inn nye til elevene/skolebiblioteket. De bruker iFinger, men denne er jo ikke oppdatert. Vet du når det skjer?

    • audsoyland seier:

      Eg har sendt spørsmål til iFinger om når den elektroniske ordlista deira blir oppdatert, men har ikkje fått svar så langt. Etter det eg veit, har ordlista deira ikkje vore i Språkrådet til godkjenning. Skuleeigarar som kjøper inn ordlistepakken til iFinger, bør krevje at pakken inneheld ei godkjend nynorsk ordliste.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s