Om

Eg som har ambisjonar om å gi nynorske språkråd til det norske folket, heiter Aud Søyland og bur på Leira i Valdres. Dialekten og den grunnleggjande nynorskkunnskapen har eg frå Gjesdal i Rogaland, der eg vaks opp. Då eg kom frå den vesle grendeskulen på Kyllingstad til sentralskulen på Ålgård, oppdaga eg at dei andre alt hadde lært både om substantiv og adjektiv, og eg var livredd for at eg ikkje greidde å ta att det eg hadde gått glipp av. Kanskje var det då språkinteressa mi vakna for alvor. Då eg skulle begynna på Bryne gymnas, var det iallfall klart for meg at eg ville gå den nyoppretta norrønlinja. Der gjekk eg ein god skule, med Olav Fintland som streng, men god lærar.

Deretter gjekk vegen til Universitetet i Oslo, der eg tok hovudfag i nordisk språk og litteratur. På 1980-talet arbeidde eg i Norsk språkråd i tre år, men etter kvart ville eg gjerne til Bygde-Noreg og Nynorskland. Slik gjekk det til at eg vart frilans språkkonsulent og omsetjar med bustad i Valdres. Språkvask av Norsk Barneblad og Syn og Segn har vore blant dei faste oppdraga mine.

Frå 2000 har eg vore redaktør for Nynorsk ordliste, fram til 2012 saman med Kåre Skadberg, no saman med Margunn Rauset. Vidare har eg gitt ut Praktisk nynorsk for lærarstudentar saman med Olaf Almenningen. Frå 2010 til 2011 var eg tilsett i Språkrådet som sekretær for nemnda som laga ny nynorsk rettskriving. Dei siste ti åra har eg halde ein del kurs i nynorsk, og i år har Språkrådet engasjert meg for å halda kurs om ny nynorsk rettskriving for lærarar og offentleg tilsette.

Advertisements

2 Responses to Om

  1. Skuleelev seier:

    Hei! Eg er skuleelev i 10. klasse no. Eg synst nynorsk er eit fantastik skriftspråk med mykje fleire moglegheiter enn bokmål. Eg likar godt å skrive, men har lyst å utvidte ordforrådet mitt. Altså lære meg litt spessielle og kule nynorskord. Veit du om det eksisterar noko bok med litt meir avanserte ord en dei vanlege ordlistene?

    • audsoyland seier:

      Hei! Så bra at du vil utforske det nynorske språket! Ver for det fyrste klar over at alle dialektord kan skrivast på nynorsk. Det betyr at alle dialektord kan normerast. Eit verk som inneheld veldig mange norske dialektord i nynorsk form, er Norsk Ordbok i 12 bind. Dei har det kanskje på biblioteket der du bur? Elles finn du det på nettet, men då må du vite kva for eit ord du leitar etter. Sjå http://no2014.uio.no/perl/ordbok/no2014.cgi Dessverre er det berre bokstavane I til Å som ligg ute enno. Bøkene med A til H vart laga før nettet si tid! Då Universitetet i Oslo laga Norsk Ordbok, laga dei også ei mindre ordbok som heiter Nynorskordboka. Den kjenner du kanskje. Du finn henne her: http://ordbok.uib.no/ Elles kan du samle på gode ord frå dialekten din og sjå om du finn dei i Norsk Ordbok i nynorsk form. Spør viss du står fast!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s