Nyttårshelsing til norsklærarar

I 2012 var eg i dei fleste fylke i landet og heldt kurs for lærarar om den nye rettskrivinga, på vegner av Språkrådet. Eg har hatt kurs for om lag 1400 lærarar og andre offentleg tilsette, og har møtt utruleg mange engasjerte og flotte norsklærarar som er opptekne av å gjera ein fagleg god jobb. Vonleg har eg greidd å formidla at det er kjekt med språk, og at nynorsk ikkje treng vera vanskeleg, om ein berre gir seg sjølv tid til å lesa og skriva på nynorsk. Under Språkdagen 2012 fekk vi dessutan presentert tal for det som vi nynorskfolk har visst i alle år: Du blir flinkare til å læra nye språk, dess fleire språk du lærer. Det gjeld også når du lærer deg dei to norske skriftmåla. Og ikkje nok med det: Det ser ut til at du utviklar større kognitive evner generelt, dess fleire språk du kan.

Høyr gjerne på opptaket med professor Mila Vulchanova her: http://www.regjeringen.no/nb/dep/kud/lyd_bilde/nett-tv/nett-tv-sprakdagen-2012.html?id=707443

Godt nytt år til alle dykk eg har møtt i 2012, og lykke til med nynorsken i Språkåret 2013!

Advertisements
Posta under Nynorsk | Merkt | Kommenter innlegget

Rett før 2013

Det er romjul, og eg har hatt ein liten førjulsferie frå bloggen for å få unna alle oppdrag som skulle vera ferdige før jul, mellom anna vasken av soga om Bøndernes Hus. Det er ein av mange nynorske godbitar som kjem i 2013. Det komande året er nemleg jubileumsår for fleire nynorske institusjonar: Det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, 100 år sidan Det Norske Teatret vart skipa og altså 100 år sidan Hotell Bondeheimen opna.

Alle dei 127 hotellromma på Bondeheimen har portrett og eit dikt eller eit sitat frå ein forfattar eller personlegdom som har brukt hotellet eller vore viktig for hotellet. Dei siste seks åra har eg ofte overnatta på Bondeheimen, og kvar gong har eg gledd meg over desse kulturdryppa. Ei helg på Bondeheimen, inkludert eit besøk på Det Norske Teatret, kan vera ein god idé i det nynorske jubileumsåret vi no går inn i – også kalla Språkåret 2013.

Posta under Nynorsk | Kommenter innlegget

De og dokker

Dei fleste norske dialektbrukarar skil ikkje lenger mellom subjekts- og objektsform i andre person fleirtal. Dokk, dokker, deko, dikko, dikkan, døkk osv. blir brukte både som subjekts- og som objektsform. Rettskrivingsnemnda tok konsekvensen av det og innførte ei ny pronomenform: dokker. Dersom du bruker den forma, skal du bruka henne både som subjektsform og objektsform:

Dokker må skunda dokker. 

Vil du heller bruka dei tradisjonelle formene de og dykk, har du høve til det:

De må skunda dykk.

Posta under Pronomen | Merkt , , | Kommenter innlegget

Mogleg, mykje og nokon

Tilnærming mellom nynorsk og bokmål er ikkje lenger gjeldande norsk språkpolitikk. Riise-nemnda, rettskrivingsnemnda som laga den nye nynorsknormalen, valde å behalda berre den tradisjonelle nynorskforma av nokre «signalord» – for å markera eit tydeleg skilje mellom nynorsk og bokmål. Mykje og nokon er døme på ord som har vorte eineformer, og mogleg/mogeleg har ikkje lenger den tredje varianten, *muleg.

Endinga –lig har gått ut av rettskrivinga, og det same har altså formene mye og noen. Bøyinga av nokon er forenkla noko. I fleirtal kan du nemleg bruka nokon i alle situasjonar. Tidlegare har det heitt nokre i forteljande setningar, og nokon i spørjande og nektande setningar. Ordet blir bøygd slik i forenkla versjon:

nokon – noka – noko – nokon

Dei som vil, kan skilja mellom nokre og nokon i fleirtal, som tidlegare.

Posta under Adjektiv, Determinativ | Merkt , , , | Kommenter innlegget

Eigedomsordet etter substantivet

På nynorsk plasserer vi helst eigedomsordet etter substantivet:

  • Takk for gåva til konfirmasjonen min.

Vi kallar det dobbelt bestemt form når vi har eit eigedomsord + eit substantiv i bestemt form. På bokmål kan vi òg bruka dobbel bestemt form, men enkel bestemt form er svært vanleg ved eigedomsord: «Takk for gaven til min konfirmasjon.»

På nynorsk har vi òg tradisjon for dobbel bestemt form når eit bestemmarord (eit determinativ) står framfor substantivet. Bestemmarord er til dømes ord som deidetdenne i døma nedanfor:

  • dei siste åra
  • Det kvite huset
  • på denne store dagen

Bestemmarordet + substantivet i bestemt form utgjer det vi kallar dobbel bestemt form. Bokmål har tradisjonelt hatt mykje enkel bestemt form også her, og namn som «Det hvite hus» og «Den røde plass» er dei vedtekne formene i bokmål. Men Klarspråk-sidene til Språkrådet oppfordrar til å bruka meir dobbel bestemt form også i bokmål.

Posta under Setningsbygnad | Merkt , | 2 kommentarar

Ikkje j i substantivet ønske

Ein vanleg feil er at folk skriv ynske/ønske, merke og stykke med j etter k, fordi desse orda har palatal uttale /-kje/ i mange dialektar. Det har ikkje vore rett å skriva *ynske før, og er det heller ikkje no etter den nye rettskrivinga.

Ivar Aasen hadde ikkje med j når g og k stod framfor trykklett –e (bortsett frå i ikkje). Derfor skreiv han hage og tanke, ynske og gjenge. Derimot hadde han med j-en i svake hokjønnsord, fordi dei enda på –a i hans rettskriving: ei bryggja, ei lekkja. Sidan han brukte a-infinitiv, vart det j etter g og k også i verb: byggja, tenkja.

I dag er det valfritt om ein vil ha med j-en i svake hokjønnsord og i verb. Men hankjønnsord og inkjekjønnsord som endar på trykklett –e, skal framleis ikkje ha j etter g eller k.

Posta under Rettskriving, Substantiv | Merkt , , , | Kommenter innlegget

Ikkje «har høyrd»

Når vi lagar perfektum, bruker vi hjelpeverbet har + perfektum partisipp. Den forma av perfektum partisipp som vi bruker etter har, er inkjekjønnsforma av partisippet. Vanlegvis skal perfektum partisipp av svake verb ha –t: har høyrt, har gjort, har gått, har gøymt.

Verb som endar på d, g eller v framfor infinitivsendinga (arbeida, bygga, leva), kan ha partisipp som endar på –d:

  • har arbeidd el. har arbeidt
  • har bygd el. har bygt
  • har levd el. har levt

Det same gjeld kortverb:

  • har sydd el. har sytt

 

Posta under Verb | Merkt , , | Kommenter innlegget

Bøying av st-verb

Spørsmål på Kongsbakken vgs. i dag: – Regel for bøying av st-verb i nynorsk?

Ta utgangspunkt i det tilsvarande verbet utan –st. Er verbet svakt, tek du bort –r i presens og legg til –st:

  • syna – syner – synte – synt
  • synast – synest – syntest – synst

Er verbet sterkt, legg du berre til –st:

  • finna – finn – fann – funne
  • finnast – finst – fanst – funnest
Posta under Verb | Merkt | Kommenter innlegget

Tre nyttige kommareglar

1 Komma når leddsetninga kjem framfor setningsresten (tidlegare kalla hovudsetninga):

Når eg er ferdig på arbeid, tek vi oss ein skitur.

2 Komma mellom sideordna setningar, bundne saman med og, eller, men, for:

Eg liker å gå på ski, og det gjer dei andre i familien òg.

3 Komma etter ei innskoten som-setning:

Den som skal bli flink til å gå på ski, må kome seg ut ganske ofte.

Posta under Skrivereglar | Merkt | Kommenter innlegget

Ordlista – godkjend eller «tillaten»?

Ei ordliste til skulebruk skal vera godkjend av Språkrådet, men i dag finst det fleire ordlister på marknaden som ikkje er godkjende. Elevane har lov til å bruka alle hjelpemiddel til eksamen, og ordlister blir fantasifullt marknadsførte som «tillatt til eksamen». Dei kan vera gode ordlister likevel,  men det er altså ingen som går god for at dei er korrekte, viss dei ikkje er godkjende av Språkrådet.

I dag er det fylkeskommunane som kjøper inn lærebøker til elevar i vidaregåande skule. Då kjøper dei gjerne ordbokspakkar der dei får tilgang til ordbøker både på nynorsk, bokmål og andre språk. Alle dei ulike pakkane som er på marknaden, har ikkje godkjend nynorsk ordliste. I ein pakke er verbet bøygd slik i preteritum: gikk el. gådde. Det er neppe til god hjelp for eleven som ønskjer å skrive rett til eksamen.

Posta under Ordlista | Merkt | Kommenter innlegget