Kva var no verb igjen?

Verb vart før i tida kalla gjerningsord. Når me bøyer verbet i ulike tider, seier me gjerne at me bøyer verbet a verbo. Grunnforma, den forma som står etter «å», er infinitiv. I nynorsk endar infinitiv anten på –a eller på –e. Deretter følgjer presens (notid), preteritum (fortid) og perfektum (ferdig notid):

å føra – fører – førte – har ført

Perfektum er samansett av hjelpeverbet har og perfektum partisipp av hovudverbet, dvs. ført. Perfektum partisipp er den adjektiviske forma av verbet, ho kan altså brukast som eit adjektiv. Den forma som står etter har, er inkjekjønnsforma av partisippet når det fungerer som eit adjektiv. Eit anna ord for inkjekjønnsforma av partisippet er supinum.

Posta under Verb | Merkt , , , , | Kommenter innlegget

Verbal seiemåte

På nynorsk liker vi å uttrykkja oss verbalt. Når teksten inneheld substantiv som er laga av verb eller adjektiv, kan du gjerne stoppa og spørja deg om det går an å bruka verbet eller adjektivet i staden for substantivet. Sjå på desse døma:

  • Skulens medverknad er viktig ved utforminga av planane.
  • Skriv heller:
  • Det er viktig at skulen er med på å utforma planane.
  • Forlagssjefen understreka viktigheita av at alle redaktørane lærte seg nynorsk.
  • Skriv heller:
  • Forlagssjefen understreka kor viktig det var at alle redaktørane lærte seg nynorsk.

Av og til må vi bruka fleire ord for å erstatta substantivet med eit verb eller adjektiv. Likevel blir teksten ofte meir forståeleg, fordi han blir meir «gjennomsiktig».

Posta under Setningsbygnad | Merkt | Kommenter innlegget

Passiv i nynorsk

Passiv kan lagast på to måtar i nynorsk. For det fyrste kan me laga passiv med verbet bli (eller verta) saman med perfektum partisipp av hovudverbet:

«Brevet blir sendt.»

For det andre kan me laga passiv med eit hjelpeverb (skal, kan, , bør) saman med hovudverbet + endinga –ast:

«Brevet skal sendast.»

På bokmål kan me hekta ein -s på hovudverbet og skriva «Brevet sendes», men kom ikkje med «Brevet sendast» på nynorsk. Då grip læraren eller språkvaskaren fort til raudpennen.

Eit alternativ til passiv er sjølvsagt aktiv, viss me veit kven den handlande er, og det passar inn i samanhengen:

«Du sender søknaden til departementet.»

I dette tilfellet passar det òg godt å bruka imperativ:

«Send søknaden til departementet.»

Posta under Setningsbygnad | Merkt , , , , | Kommenter innlegget

Bøying av inkjekjønnsord

Inkjekjønnsord skal alltid bøyast regelrett i nynorsk, det vil seia inga ending i ubestemt fleirtal, -a i bestemt fleirtal:

eit eple – eplet – fleire eple – alle epla

Det gjeld òg lånord:

eit forum – forumet – fleire forum – alle foruma

Med den nye rettskrivinga er det altså slutt på alle greske og latinske fleirtalsbøyingar av typen leksika – leksikaa og fora – foraa.

Inkjekjønnsord som sluttar på -eum og -ium, mistar -um i bestemt form, som før:

museum – museet – museum – musea

medium – mediet – medium – media

Posta under Substantiv | Merkt , | 2 kommentarar

Sterke verb

Verba vi kallar sterke verb, har ikkje ending anten i presens eller i preteritum. Dei har dessutan vokalskifte i ulike tider:

finna – finn – fann – har funne

koma – kjem – kom – har kome

Tidlegare kunne dei sterke verba ha ending i presens: finner, kjemer. Den forma er teken bort i den nye rettskrivinga. Det same gjeld perfektum partisipp-forma med endinga –i: funni, komi. Etter ny rettskriving skal partisipp av sterke verb altså ha endinga –e.

Svært mange kan følgja dialekten sin når dei skal bøya sterke verb, iallfall i infinitiv, presens og preteritum. Perfektum partisipp-forma kan det vera lurt å sjekka i ordlista.

Posta under Verb | Merkt , , | 4 kommentarar

Fersk ordliste med ny rettskriving

Nynorsk ordliste – no med to damer på framsida!

Posta under Ordlista | Merkt | Kommenter innlegget

Hjartespråket

Glad i språk? Glad i nynorsk? Då kan du kanskje ha moro av å følgja med på denne bloggen. Med jamne og kanskje ujamne mellomrom kjem eg med råd om kva som er god nynorsk rettskriving, om nynorsk ordforråd og setningsbygnad. Råd om komma og bindestrek og andre teikn kan òg koma til å snika seg inn.

Etter å ha vore språkrettar, omsetjar, ordlisteredaktør og kurshaldar i nynorsk i mange år har eg gjort meg nokre tankar om kvar skoen trykkjer når folk skal skriva nynorsk. Øving gjer meister, her som i anna. Ofte er det nokre enkle tips som skal til for at du skal få kjensla av å meistra det nynorske skriftmålet.

Alf Helleviks Nynorsk ordliste kom i ny papirutgåve måndag 12. november – den første godkjende papirordlista med den nye rettskrivinga som gjeld frå 1.8.2012. Det er verdt ei markering – og det er grunnen til at bloggen startar nettopp no.

Posta under Ordlista | Merkt , , , | Kommenter innlegget