Om meg
Aud Søyland er namnet mitt. Eg er redaktør for Nynorsk ordliste. og har 30 års erfaring som språkrettar. Foto: Cathrine Dokken
Arkiv
kategoriar
-
Siste innlegg
Omtala emne
Meta
Tag Archives: perfektum partisipp
Ikkje «har høyrd»
Når vi lagar perfektum, bruker vi hjelpeverbet har + perfektum partisipp. Den forma av perfektum partisipp som vi bruker etter har, er inkjekjønnsforma av partisippet. Vanlegvis skal perfektum partisipp av svake verb ha –t: har høyrt, har gjort, har gått, … Les meir
Kva var no verb igjen?
Verb vart før i tida kalla gjerningsord. Når me bøyer verbet i ulike tider, seier me gjerne at me bøyer verbet a verbo. Grunnforma, den forma som står etter «å», er infinitiv. I nynorsk endar infinitiv anten på –a eller på –e. … Les meir
Posta under Verb
Merkt infinitiv, perfektum partisipp, presens, preteritum, supinum
Kommenter innlegget
Passiv i nynorsk
Passiv kan lagast på to måtar i nynorsk. For det fyrste kan me laga passiv med verbet bli (eller verta) saman med perfektum partisipp av hovudverbet: «Brevet blir sendt.» For det andre kan me laga passiv med eit hjelpeverb (skal, … Les meir
Posta under Setningsbygnad
Merkt -ast, hjelpeverb, hovudverb, Passiv, perfektum partisipp
Kommenter innlegget
Sterke verb
Verba vi kallar sterke verb, har ikkje ending anten i presens eller i preteritum. Dei har dessutan vokalskifte i ulike tider: finna – finn – fann – har funne koma – kjem – kom – har kome Tidlegare kunne dei … Les meir